Alle har en liten dør bak øret

Alle har en liten dør bak øret

“Alle har en liten dør bak øret” er ei rekke musikalske framsyningar for heile familien med utgangspunkt i nyare norsk poesi for born. Me har også kalla det ein teaterserie i åtte enkeltståande episodar. Annlaug Børsheim har laga ny musikk og saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre inviterer dei oss med inn i ei verd der enkle pappfigurar får liv, kleshengarar blir til fjerne fjell og der ei pappøskje ikkje lenger berre er ei pappøskje. Mange av dikta har blitt til songar og utøvarane både syng og speler fele, gitar og tangentar på scena. Ved hjelp av skuggespel og lyssetting har dei laga eit poetisk og musikalsk univers for born i alle aldrar. 

“Det er tydelig at Havre og Børsheim tar sitt publikum på alvor, og det er en modig måte de gjør det på. Vi har alle godt av å bli minnet om at store historier kan finnes i små ting, og bli inspirert til å søke underholdningen andre steder enn i skjermene. Det de får til her er ikke bare viktig, det er også nydelig og rørende.” Mette Paust-Andersen, Barn i byen

“Alle har en liten dør bak øret” består av åtte ulike framsyningar. Med utgangspunkt i poesien og tekstane har kvar framsyning eit eige tema, det kan vere tankane våre, universet, døden eller kjensler som sinne og sakn. Abstrakte tema og sterke kjensler som born har eit forhold til frå tidleg alder, store spørsmål som ein aldri sluttar å undre seg over. Formidla gjennom enkle dyrefigurar i papp, med bruk av skuggespel, poesi og musikk.

Manus og idé: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre

Musikk: Annlaug Børsheim

Medvirkande på scenen: Annlaug Børsheim og Vibeke Flesland Havre

Scenograf: Mari Watn 

Lysdesigner: Silje Grimstad 

Dikt av Per Olav Kaldestad, Ruth Lillegraven, Gro Dahle, Svein Nyhus, Christian Løchstøer, Ragnar Hovland og Synne Lea.


Framsyningane er produsert i samarbeid med Cornerteateret i Bergen, med stønad frå Kulturrådet, Bergen Kommune, Bergen Fylkeskommune og Bergen Teater og Dramatiske Selskap.