Annlaug Børsheim (1982) er musiker og låtskrivar frå Ulvik i Hardanger, busett i Bergen. Med bakgrunn i norsk folkemusikk arbeider ho i dag innanfor eit breitt spekter av sjangrar og sceniske uttrykk.

Noe er sart og betagende, noe er drivende oppglødd, mens annet har et fandenivoldsk preg. Stemmen er skjør og klangfull. (Aftenposten, melding av plata November)

Instrumenta hennar er hardingfele og fele, ulike gitarar og song. Med dei musikalske beina godt planta i den tradisjonell slåttemusikken frå Hardanger og med kjærleik til støyete gitarar, popmusikk og britisk folkemusikk har ho eit uttrykk som spenner vidt.

Ho har medverka i ulike produksjonar på Teater Vestland, Det Vestnorske Teater og Transiteateret i tillegg til å ha laga eigne produksjonar, no sist ein musikalsk teaterserie for born, Alle har en liten dør bak øret, som ho laga i samarbeid med Vibeke Flesland Havre.

Ho har gjeve ut fire plater på sin eigen label, Fivreld, og medverka på ei rekke andre plater.


Annlaug_Borsheim_kunst8.jpg